Felemakar og Musikkinstrument-Konservator

Wiebke Lüders er konservator spesialisert på musikkinstrument laga av tre, med utdanning frå Akademie der bildenden Künste i Wien. Ho har arbeidd som frilans konservator i Wien i mange år, og hadde eit 1 1/2  år langt stipendopphald ved konserveringsavdelinga på Metropolitan Museum of Art i New York. Sidan ho starta å arbeide på instrumentverkstaden til Ole Bull Akademiet i januar 2016 har ho spesialisert seg på å reparere, konservere og laga hardingfeler. Ho er også ansvarleg for vedlikehald på instrumentsamlinga til Ole Bull Akademiet.


Lukas Pawelka er gitar- og fiolinmakar med utdanning frå fagskulen for instrumentbygging i Hallstatt, Austerrike. Han hadde ein månads opphald ved felemakarverkstaden på Voss i oktober 2018, og byrja å arbeide som hardingfelemakar og reparatør ved verkstaden på Ole Bull Akademiet i 2019. I tillegg til å reparera hardingfeler fokuserer han på reparasjon av fiolinar, gitarar og andre musikkinstrument.


Sigvald Rørlien har frå 2004 til 2018 vore tilsett som felemakar i Kringsjå A/S, som er driftsselskapet til Ole Bull Akademiet. Han har vore aktiv som felemakar sidan 70-talet, og har gått i lære hjå Anders Aasen i Eidfjord. Sidan har han lært felemakarkunsten av mange andre, og har m.a. vore på studietur til felemakarmekka Cremona i Italia saman med den svenske felemakaren Hans Lisper. Han har laga omkring 70 hardingfeler der han for det meste har brukt hardingfelene som Gunnar Røstad laga tidleg på 1900-talet som modell. I ein tiårs-periode var han tilsett ved Valdres Folkemuseum som felemakar, saman med Olav Viken, Knut Opheimsbakken og Oddrun Hegge. Samstundes som han har hatt eigen verkstad på Voss.


Sigvald Rørlien hadde to elevar i hardingfelebygging mellom 2005 og 2009: Ottar Kåsa, som sidan har etablert seg som felemakar med eigen verkstad i Bø i Telemark, og Bård Riise Hoel, som no arbeider som felemakar ved Valdres Folkemuseum på Fagernes. Frå 2014 til 2018 har Ole Gjerde vore i felemakarlære hjå Rørlien som del av bachelorstudiet i tradisjonsmusikk ved Akademiet.


 

Ole Bull Akademiet | Postboks 443 | 5703 Voss

Besøksadresse: Strengjarhaugen 6/8 , Voss

Telefon: +47 56516500

E-post: oba@olebull.no