Reparasjon og Konservering av musikkinstrument

Hardingfeler, fiolinar og meir ...

På felemakarverkstaden vår reparerer me hardingfeler og andre typar instrument laga av tre, som t.d. instrument frå fiolin-, gitar- eller viola da gamba-familiane. I spesielle tilfelle kan vi også reparere historiske tangentinstrument som cembalo eller spinett.

I alt frå å skifte strenger på ei fele, innlegging av perlemorbitar eller skifting av stol til større og meir tidkrevjande reparasjonar, er målet vårt å gje instrumenta best mogleg lydkvalitet og at dei skal vera lettspelte, samstundes som ein bevarar instrumentets orginalitet.

 

 

Kom gjerne til verkstaden for ein prat om du har små eller store spørsmål om instrumentet ditt. 

 

 

Ole Bull Akademiet | Postboks 443 | 5703 Voss

Besøksadresse: Strengjarhaugen 6/8 , Voss

Telefon: +47 56516500

E-post: oba@olebull.no