Bogeproduksjon og -reparasjon

På verkstaden vert det laga bogar etter modell av ein boge som spelemannen Sjur Helgeland (1858-1924) hadde. Den er kortare enn den moderne bogen, og har ein konveks bøying når den er oppstramma. Denne bogen lagar ein mindre men meir distinkt klang, og ein får ei meir presis rytmemarkering som høver godt til dei gamle slåtteformene.

 

Her kan du og få reparert eller sett nye hår i bogen din. I vår butikk på Ole Bull Akademiet kan du og få kjøpt diverse moderne bogar og bogar av barokktype. Kontakt oss, dersom du er interessert i å kjøpe ein ny boge.

 

Ole Bull Akademiet | Postboks 443 | 5703 Voss

Besøksadresse: Strengjarhaugen 6/8 , Voss

Telefon: +47 56516500

E-post: oba@olebull.no