Hardingfelene me byggjer er inspirert ...

av ulike feletyper utvikla av dei beste hardingfelemakarane, som t.d. Gunnar M. Røstad og Olaf G. Helland. Det vert og laga feler med utgangspunkt i dei eldste felemakarane, som Trond Botnen. Me nyttar tradisjonell byggjemåte kombinert med moderne teknikkar og verktøy.

 

Som den klassiske fiolinen er hardingfela bygd rundt ei indre form. Loket er skore ut av gran, medan botnen og sargane (sidene) som oftast er laga av lønn. Norsk svartor er også mykje nytta som botn, og nokre eldre hardingfeler har botn av bjørk.

Dei dekorerte gripebretta,  strengehaldarane og stemmeskruane vert også laga på verkstaden. Dei vert laga av ibenholt innlagd med bitar av perlemor, bein og metall. Mønstra på bretta er inspirerte av eldre instrument, men med eige stilpreg.

Felene vert også rosa med tusj, på tradisjonelt vis.


Me lagar hardingfeler på bestilling

Dersom du er interessert i å kjøpe ei nybygd fele, kontakt oss så me kan snakke om detaljar og pris på ditt framtidige instrument.

 

Ole Bull Akademiet | Postboks 443 | 5703 Voss

Besøksadresse: Strengjarhaugen 6/8 , Voss

Telefon: +47 56516500

E-post: oba@olebull.no