Velkomen til felemakarverkstaden til Ole Bull Akademiet på Voss

Felebygging har lange tradisjonar i Hardanger & Voss-området ...

På Voss er det bevart eit fint feleskrin frå 1500-talet, og Jaastad-fela frå Hardanger (datert 1651) er den eldste bevarte hardingfela vi veit om. Seinare fekk vi Isak og Trond Botnen sine fine instrument, og utover på 1700-talet spreidde hardingfela seg ut frå Hardanger, slik at andre delar av landet fekk eigne tradisjonar for hardingfelespel og bygging av hardingfeler.

 

Sidan grunnlegginga i 1976 har Ole Bull Akademiet formidla kunnskap om norsk tradisjonsmusikk og dans. I tillegg til utdanning og kursing av studentar, driv Akademiet sidan 2004 ein eigen verkstad for hardingfelebygging og reparasjon av instrument, leia av Sigvald Rørlien. Verkstaden har vorte ein stad som mange musikarar og andre hardingfeleinteresserte søkjer til.

 

Verkstaden

Verkstaden ligg i eige hus rett ved sida av Ole Bull Akademiet og er open måndag–fredag. Her kan du levere hardingfeler, fiolinar, bogar og andre instrument laga av tre til reparasjon. Me er utstyrt med det nyaste av verktøy og maskinar, og jobbar både med tradisjonelle og moderne materiale i høve til gjeldande standard for konservering og reparasjon. 

 

Les meir ...

 

Bygging og reparasjon av feler og bogar

På verkstaden arbeider felemakar Sigvald Rørlien og instrumentkonservator Wiebke Lüders. Dei driv først og fremst med bygging og reparasjon av hardingfeler og bogar, alltid på jakt etter best mogeleg lydkvalitet.

 

Les meir ...

 

Strengeproduksjon

På verkstaden produserer vi "Mosafinn" strenger, hardingfelestrenger av høgste kvalitet.

 

Les meir...

 


 

Ole Bull Akademiet | Postboks 443 | 5703 Voss

Besøksadresse: Strengjarhaugen 6/8 , Voss

Telefon: +47 56516500

E-post: oba@olebull.no